Elevane må kunne å lese, forstå, snakke og skrive norsk, og ta til seg kunnskap på ein normal måte. Det vert vanskeleg å lukkast med teori og lærekøyring dersom eleven ikkje forstår kva som vert sagt.

Om det skulle vise seg at ein elev har svake forutsetningar og har meldt seg på kurs med fleire førarkortklasser enn eleven maktar, vil så mange køyretimar som mogleg bli flytta over frå dei andre klassene til den klassa som er aktuell for eleven.
Om eleven treng ytterlegare tilleggsveiledning frå lærar med bakgrunn i svake elevforutsetningar, må eleven være villig til å dekkje utgiftene dette vil medføre.

Dersom elevane av ulike årsaker treng muntlig teoriprøve, er det svært viktig at vi får beskjed om dette i god tid (helst før kursstart) slik at skjema for muntlig prøve blir utfylt, sendt og forhåpentligvis innvilga i løpet av kurset. Det er ofte veldig lang ventetid på slike prøver og det kan føre til at den praktiske førarprøva må takast på eit seinare tidspunkt enn planlagt.