Vi har konsentrerte kurs, som går til fastsette datoar (sjå kursoversikt). Undervisninga går på dagtid etter fastsett timeplan, teori/praksis, og er basert på at eleven er tilgjengeleg gjennom heile kurset. Vi har pakkepris på heile opplæringa.

Elevane får undervisning i teori og køyring kvar dag, og praktiske prøver er førehandsbestillt på trafikkstasjonen slik at alle har muligheit til å ta sertifikata på tiltenkt tid dersom dei står på teorieksamen på første forsøk.

Førarkortopplæringa for kl C tek 2-3 veker.

For å oppnå gode resultat krevs det målretta og hard jobbing både for elevar og lærarar, men vi har veldig gode resultat å vise til etter nærmare 40 år i bransjen.

TEORIKURS:
Det meste av teoripensum er tilgjengelig på DVD i skulens klasserom, noko som gjer innlæringa effektiv.(forskjellige emner kan repeterast) Vi har laga filmane sjølve.

PRAKTISK OPPLÆRING:
I den praktiske opplæringa får elevane øve i grupper, og lærer dermed også av kvarandre.

KURSPAKKEOVERSIKT:

– Grunnkurs tunge kjøretøy obligatorisk

– Teorikurs for alle storbilklasser

– Læremateriell til teorikurset

– Teoritentamenar og testoppgåver

– Kjøretimar

– Veiledningstimar  obligatorisk

– Lastsikringskurs  obligatorisk

– Ulykkesberedskapskurs obligatorisk

– Sikkerheitskurs på veg kl. C obligatorisk

– Gjennomgang av sikkerheitskontroll

– Leige av skulevogn til praktisk førarprøve (1 stk. pr. førarkortklasse)

– Overnatting i dobbeltrom på internatet. Enkeltrom er tilgjengeleg mot tillegg i pris.

Vi tilbyr også vanlig timeopplæring dersom det av ulike årsaker er vanskeleg for elevane å delta på eit heilt kurs. Dette må avtalast med trafikklærar i kvart enkelt tilfelle.

– Komplett YSK for godstransport 140 timer ( Varigheit 4-5 veker)

Ta kontakt dersom du ynskjer detaljert timeplan