Overnatting

Treng du overnatting medan du tek kurs?
Trafikkskulen vår har eige internat som du kan nytte, dersom du kjem langvegs frå, og treng stad å bu under opphaldet.

Skulen er eit moderne internatbygg med fine rom og eit godt sanitæranlegg samt eit stort rommelig opphaldsrom/kjøkken. Elevane bur gratis på internatet dersom dei vel å bu i dobbelrom. Dersom elevar vil disponere enkeltrom, må dei beregne eit beskjedent beløp for dette. Skulen held sengetøy, men elevane må sjølve ta med handkle, og halde seg med mat. Elevane må elles ha med godt med kle då ein del av undervisninga går føre seg utandørs. Elevane disponerer også vaskerom som er utstyrt med vaskemaskin og tørketrommel.