Om ossOm oss

Åm Trafikkskule vart etablert 13. juni 1980 som ein rein storbilskule. Skulen har i dag 2 trafikklærarar og ein kontortilsett.

I 1984 gjekk skulen heilt nye vegar og bygde internatskule. Undervisninga vart både praktisk og teoretisk konsentrert til faste tidspunkt for kursstart og kursslutt. Det synte seg å vere svært populære kurs for elevar med lang veg til lærestad.
Framleis er dette modellen for kursa som går i Volda. Vi tilbyr førarkortopplæring som konsentrerte kurs i alle tunge klasser, men har også tradisjonell timeopplæring. I 2008-09 begynte vi med yrkeskompetansekurs for både person og godstransport. Skulen har vore og er framleis ei familiebedrift med stort fokus på kvalitet både på undervisning, materiell og kurslokale.

Galleri

+ 47 70 07 44 30
Følg oss på Facebook
postmaster@aam-trafikkskule.no 
Mandag - Fredag 10.00 - 14.30