car6_blue.png

Vogntog ce

Desse kursa går over 4 veker pluss 2 dagar, og blir avslutta med teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjonen. Teoriundervisning og praktisk opplæring går hand i hand gjennom heile kurset.

Alderskrav 21 år.

Praktisk info

Send forespørsel

KURSOVERSIKT

Oppstart
Type
Status
Sluttdato
 
30
okt
2017
Førarkort klasse CE

Fullt!

17. nov 2017
04
des
2017
Førarkort klasse CE

Fullt!

22. des 2017
08
jan
2018
Førarkort klasse CE

Ledige plassar

09. feb 2018

ALLE KURS MED ATTERHALD OM ENDRING AV STARTDATO

Praktisk info

Vi har konsentrerte kurs, som går til fastsette datoar. (sjå kursoversikt)

Undervisninga går på dagtid etter fastsett timeplan, teori/praksis,
og er basert på at eleven er tilgjengeleg gjennom heile kurset.

Vi har pakkepris på heile opplæringa.

Elevane får undervisning i teori og køyring kvar dag, og teoretiske/praktiske prøver er førehandsbestillt på trafikkstasjonen slik at alle har muligheit til å ta sertifikata på tiltenkt tid.

Førarkortopplæringa for kl CE tek 4 veker pluss 2 dagar.

For å oppnå gode resultat krevs det målretta og hard jobbing både for elevar og lærarar, men vi har veldig gode resultat å vise til etter nærmare 40 år i bransjen.

TEORIKURS:
I tillegg til komplett teorikurs, er delar av teoristoffet også tilgjengeleg på video / DVD på skulens klasserom, noko som gjer innlæringa effektiv.(forskjellige emner kan repeterast)

PRAKTISK OPPLÆRING:
I den praktiske opplæringa får elevane øve i grupper, og lærer dermed også av kvarandre.

KURSPAKKEOVERSIKT:

- Grunnkurs tunge kjøretøy obligatorisk

- Teorikurs for alle storbilklasser

- Læremateriell til teorikurset

- Teoritentamenar og testoppgåver

- Kjøretimar

- Veiledningstimar  obligatorisk

- Lastsikringskurs  obligatorisk

- Ulykkesberedskapskurs obligatorisk

- Sikkerheitskurs på veg kl. C og CE obligatorisk

- Gjennomgang av sikkerheitskontrollar

- Leige av skulevogn til førarprøver (1 stk. pr. førarkortklasse)

 - Overnatting i dobbeltrom på internatet. Enkeltrom er tilgjengeleg mot tillegg i pris.

Vi tilbyr også vanlig timeopplæring i tillegg til konsentrerte kurs dersom det av ulike årsaker er vanskeleg for elevane å delta på eit heilt kurs. Dette må avtalast med trafikklærar i kvart enkelt tilfelle.

+ 47 70 07 44 30
Følg oss på Facebook
postmaster@aam-trafikkskule.no 
Mandag - Fredag 10.00 - 14.30
 
 

E-post*
Kurs type
Kommentar